Du skal heller ikkje ha bind, bleier eller kjøkken-tørkepapir i do.
Dette er sikkert noko "alle" veit - men hugs også å lære nye generasjonar og tilflyttarar til landet vårt at om vi puttar slike ting i toalettet, kan vi skape problem ikkje berre i det huset der du bur, men for slamavskiljarar og avløp generelt.
Er du huseigar og leiger ut husvære har du plikt til å informere leigetakar om slike forhold. Leigetakarar kan vere frå andre land og treng å få slik informasjon.
Dei same reglane gjeld for næringsdrivande med næringsbygg.
Toalettpapir
Pixabay
Gå gjerne inn på sida dovett.no og les meir om dette viktige temaet. Det er altså KUN tiss, bæsj og dopair som skal i toalettskåla. Punktum!