Gjennom ein felles grunnavtale for interkommunalt samarbeid forpliktar kommunane seg til å utforske nye samarbeidsområde, skape større fagmiljø og finne løysingar som gir økonomisk gevinst og meir robuste tenester. Dette vil ikkje berre gi betre kvalitet, men også gjere kommunane meir attraktive som arbeidsgjevarar.
F.v.: Tove Kvamme- Sande kommune, Johnny Berge - Hareid kommune, May Britt - Ørsta kommune, Helga Bøe- Ulstein kommune og Inger-Johanne Johnsen - Volda kommune. Representanten frå Herøy var ikkje tilstade då bilde vart tatt.
Kathrine Husø Johansen
Faggruppa for arkiv har gjort akkurat det. Siste året har vi jobba aktiv med kartlegging, planlegging og organisering av eit nytt samarbeid.
Frå 1. januar 2026 vil kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta starte eit kommunalt oppgåvefellesskap for fagfeltet arkiv, der vi vil samarbeide om å utvikle moderne og effektive løysingar for arkiv og dokumentasjonsforvaltning.
Samarbeidet gjer kommunane meir fleksible og reduserer sårbarheita. Etablering av eit formelt og strukturert samarbeid om dokumentasjonsforvaltninga mellom dei seks kommunane er difor viktig for å kunne oppretthalde kvalitet og tenesteutvikling.
Effekten av eit formelt og systematisk samarbeid vil mellom anna vere:
- Større og meir robust fagmiljø, som samla vil gi styrka kompetanse for kommunane
- Moglegheit for å spesialisere og effektivisere oppgåver
- Effektiv handtering av dokument gjennom felles rutinar og auka kompetanse
- Arbeid med automatisering og utvikling som vil frigjere ressursar og auke effektivitet og kvalitet i arkivarbeidet
- Økonomisk gevinst gjennom reduksjon av årsverk, som følge av punkta over
Med dette initiativet viser kommunane på Søre Sunnmøre at samarbeid er nøkkelen til innovasjon og kvalitet. Saman står vi sterkare – meir fleksible, mindre sårbare og klare for framtida!
Vi, dei arkivansvarlege i kommunane, er stolte av arbeidet vi har gjort og gler oss til å starte eit framtidsretta samarbeid.