Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet

Sande kommune skal som tidlegare år revidere handlingsdelen til kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Ein vedtatt plan/handlingsdel er ein føresetnad for å søkje om offentleg delfinansiering via ordninga med spelemidlar. Sande kommune inviterer hermed organisasjonar, lag og privatpersonar om å kome med innspel til nye tiltak/anlegg retta mot idrett og fysisk aktivitet. 

Frist for innspel:

Har du innspel til nye tiltak/anlegg retta mot idrett og fysisk aktivitet må desse vere skriftlege og kan sendast til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes 

Merk skrivet med «Tiltak/anlegg retta mot idrett og fysisk aktivitet»

Du kan også skrive ditt svar her. Merk med sak 26/3842

Frist: Fredag 25. september 2026.

Ny forskrift

I 2026 er det innført nytt regelverk for spelemiddelordninga gjennom «Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet». Forskrifta tredde i kraft 15. juni 2026. Merk at alle søknader i 2026 – også dei som tidlegare er godkjent, men som ikkje har fått tildeling – må omsøkast etter den nye forskrifta. 

Den største endringa i den nye forskrifta er kven som kan søke om tilskot frå spelemiddelordninga, no er ikkje bygde- og grendalag søknadsberettiga for ordninga.

Det er vidare nye omgrep på type søknadar. Der ein tidlegare hadde kategoriane «Ny, Fornya søknad og Gjentatt søknad» er det no er kategoriane «Ny søknad, Fremma søknad på nytt, og Fremme del-søknad». Lag/organisasjonar vil måtte forhalde seg til desse nye kategoriane i samband med søknadsprosessen i år.

Generelt så har spelemiddelordninga no vorte noko meir formalistisk gjennom at ordninga no er regulert i lov- og forskriftsform. Dette føre til større krav til dokumentasjon i samband med innsending av søknader, og eit redusert handlingsrom kva angår skjønnsvurderingar, utvida tidsfristar, osv.

Fotballtrening - Klikk for stort bilete istock