Revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitetHar du eller laget ditt innspel? Sande kommune skal starte arbeidet med den årlege revisjonen av handlingsdelen til kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Ein vedteken plan/ handlingsdel er ein føresetnad for å søke om offentleg delfinansiering via ordninga med spelemidlar. StikkUT Vi inviterer organisasjonar, lag og privatpersonar om å kome med innspel til tiltak/anlegg retta mot idrett og fysisk aktivitet. Innspel skal sendast til Sande kommune elektronisk eller gjennom brevpost.Her kan du lese kva som vart vedteke ved siste rullering av planen. Korleis sende innspel?Innspel kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsneseller påe-post til postmottak@sande.kommune.noDu kan også skrive ditt høyringssvar her - bruk saksnummer 25/807 når du svarar.Frist for å kome med innspel er 24. september 2025. Publisert 20.08.2025 11:40 Sist endra 20.08.2025 11:56