Rekneskap for 2025: Betre utvikling, men framleis meirforbruk

Rekneskap for 2025: Betre utvikling, men framleis meirforbruk

Sande kommune legg fram urevidert rekneskap for 2025. Rekneskapen viser eit meirforbruk på 6,7 millionar kroner. Dette er ei klar betring frå 2024, då resultatet var -26,2 millionar kroner. Totalt sett er årets resultat om lag 20 millionar kroner betre enn året før.

Budsjett forstørrelsesglas og kalkulator - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Sjølv om lønsutgifter og renter framleis pressar kostnadssida, har kommunen hatt ei positiv utvikling på inntektssida. Skatteinngangen, refusjonar og finansinntekter er høgare enn budsjettert, noko som fører til betring av resultatet.

Ordføraren: – Utviklinga går i rett retning

Ordførar Dag Vaagen - Klikk for stort bileteOrdførar Dag Vaagen

Ordførar Dag Vaagen er nøgd med utviklinga frå 2024 til 2025, sjølv om han helst skulle vist til eit mindreforbruk. 

– Rekneskapen viser at det framleis er økonomiske utfordringar, men at utviklinga går i rett retning. Eg vil takke dei tilsette for ein solid innsats gjennom året. Dei har handtert krevjande prioriteringar og vore sentrale i arbeidet med å betre driftsresultatet, seier Vaagen.

Kommunedirektøren: – Tiltaka har effekt

Renathe Rossi Aglen - Klikk for stort bileteKommunedirektør Renathe Rossi Aglen Silje S. Mork

Kommunedirektøren på si side viser til at dei politiske vedtaka siste året har vore naudsynte for å styrkje økonomistyringa og redusere meirforbruket. 

-Det er behov for vidare innstramming og langsiktig arbeid, men 2025-resultatet viser at dei grepa som er tekne har effekt, seier Rossi Aglen.