Redusert kapasitet på byggesak
Vi har for tida redusert kapasitet på byggesak i Sande kommune. Det betyr at det kan ta lengre tid enn vanleg å få svar på søknader og spørsmål.
Pexels.com
I perioden frå 23. mai til 3. juli vil det vere færre tilgjengelege byggesaksbehandlarar. Difor kan det også ta lengre tid å få hjelp eller svar på telefon.
📞 Får du ikkje svar når du ringer?
Byggesaksbehandlarane vil ringe deg tilbake så snart dei har høve. Du kan også be sentralbordet sende ei melding til dei, slik at du blir kontakta.
Vi ber om forståing for at det kan ta litt ekstra tid i denne perioden. Takk for tolmodet!