Sande kommune
Program 8.mai 2025
kl. 11.40 Gursken oppvekstsenter markerer 8. mai.
- Heile skulen samlast ved flaggstonga 11.40 (4. time)
- Elevar frå 10.kl vil leggje ned blomar
- Fem elevar frå mellomtrinnet vil lese opp «Til ungdommen» av Nordahl Grieg
- Elevane syng to songar.
- Tale ved rektor
- Nasjonalsongen Ja, vi elsker.
Kl. 17.00 Markering av frigjerings- og veterandagen ved Ulstein rådhus
8. mai vert det markering av 80-årsjubileet for freden – for kommunane på Søre Sunnmøre.
Stad: Ulstein rådhus
Program:
- velkomst og song ved Ulstein Mannskor
- appell ved russepresident ved Ulstein vidaregåande skule
- appell ved ordførar i Ulstein
- tale ved områdesjef for Heimevernet
Kl. 17.00 Avduking av skilt over Krigsminnet radiostasjonen Frey II
Stad: Den nye parkeringsplassen i Oksavika
Program:
- HML Varden spelar
- Appell ved varaordførar Einar Ekroll
- Avduking av skilt - krigsminne
- Slutt klokka 17.30
Dei frammøtte vil med dette kunne rekke Larsnes Sogelag sitt arrangement på Sandetun som startar kl. 18.00
Kl 18.00 80-årsmarkering av frigjeringsdagen 8. mai 1945.
I samarbeid med Sandetun markerer Larsnes Sogelag at det er 80 år sidan frigjeringsdagen i hagen ved «Øya» på Sandetun.
Stad: I hagen ved “Øya” på Sandetun.
Program:
- Kari Øksnøy Grønnevik held appell for dagen
- HML Varden spelar nasjonalmelodiar med meir
- Kaffi og litt kaker
Kl. 19.00 Konsert med Gursken Brass
Stad: Vonheim i Haugsbygda.
Program:
Markering 80 år sidan frigjeringsdagen- helsing v/ordførar Dag Vaagen og songinnslag.