Politisk møte

Politisk møte

Sande kommunestyre skal ha møte tysdag 12. mai 2026. Dette vert ein lang dag for politikarane i Sande. 

Frå kl 09.30 til 13.00 skal dei vere med på arbeidsmøte i samarbeid med KS ROBEK-nettverk. Tema for arbeidsmøtet er helse- og omsorgstenestene i Sande kommune - korleis skal vi prioritere. 

Klokka 13.45 startar ordinært kommunestyremøte.  Møtet er ope for publikum og presse. 

Dette møtet vert også strøyma via Sande kommune sin YouTube-kanal. 

På saklista

Det er mange saker på saklista denne gongen: 

  • Endring av namnet på kommunalt fellesråd
  • Mellombels endra maksimaltid for skjenking av alkohol i varegruppe 1 og 2 under fotball-VM 2026
  • Rem-Servering AS - tildeling av serveringsløyve for kantinedrift
  • Framtidig organisering av oppvekstsektoren i Sande kommune
  • Gjerdsvika VB - reservevassleidning til Sædalsvatnet
  • Larsnes Fiskerikai - oppstart
  • Sande kommune - rute 1066, frekvens og kapasitet
  • Godkjenning av årsrapport og årsrekneskap 2025 i Sand ekommune
  • Skal Sande kommune nytte prioriteringsrettleiaren
  • Tenesteskildring for helse og omsorg i Sande kommune

 

Her kan du lese alle sakspapira til møtet.