Kommunestyret i Sande har møte på Sande rådhus, tysdag 10. februar kl 13.45.
Møtet vert strøyma via kommunen sin YouTube-kanal.
Skal Sande kommune motta ein brannbil i gåve? Skal vi busette fleire flyktningar? Skal vi delta i felles beredskapsråd med Herøy og Vanylven? Kva tildelingspolitikk skal vi ha når det gjeld tildeling av langtidsopphald?
Dette og fleire andre saker skal kommunestyret gjere vedtak om.
På saklista
- debatthefte 2025 Tid for taktskifte
- Sunnmøre Friluftsråd, val av styremedlem og varamedlem
- søknad om fritak frå felles forliksråd
- felles beredskapsråd
- evaluering av budsjettprosess og årshjul for 2027
- mottak av gåve - brannbil
- mottak og busetting av flyktningar
- forskrift om tildeling av langtidsopphald mm
- retningsliner for tildeling av kommunal bustad
- temaplan avløp
- delegeringsreglement
- eigedomsskattevedteker og nemder
Du kan lese alle sakspapira her.