Valstyremøte, og oppteljing av valrøyster.
I samband med opptelling av røyster til stortingsvalet vil valstyret vere samla på Rådhuset i kveld frå kl 19.30.
Oppteljingslokalet vert kommunestyresalen, og det er mogleg for publikum å vere tilstades og følgje den sentrale oppteljinga.
Kvart enkelt vallokale skal telje sine røyster så snart lokalet er stengt. Denne oppteljinga er også offentleg og open for publikum.
Her kan du lese meir om kvar du finn vallokala og opningstidene.
Førebels valresultat vert offentleggjort nasjonalt kl 21.00 på valgresultat.no
Formannskapsmøte
Tysdag 9.9 skal det vere formannskapsmøte på rådhuset kl 13.45
På saklista
På saklista til formannskapet finn vi desse sakene:
- Ny kommuneplan arealdel avgrensa til byggegrenser mot sjø, offentleg veg og vassdrag - slutthandsaming og godkjenning
- Eigedomsskatt i Sande kommune
- Vurdering av betalt matpause for tilsette i Sande kommune
I alle sakene skal formannskapet gje tilråding til kommunestyret.
Du kan lese alle sakspapira her.