Formannskapet i Sande har møte tysdag 3. juni kl 14.00.
Valstyret skal ha eit kort møte i forkant av formannskapsmøtet, kl 13.45.
Møta skal vere på Sande rådhus, og er ope for publikum.
Korleis skal Sande kommune klare å få drifta i balanse? Korleis er situasjonen etter 1. tertial i år? Dette og fleire andre saker må politikarane ta stilling til.
På saklista
Formannskapet skal tilrå følgjande saker til kommunestyret:
- Reguleringsplan Bringsinghaug 02- Omlegging av veg, sak 2
- Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg, offenleg ettersyn
- Sal av kommunal bygningsmasse
- 1.tertialrapport med budsjettrevisjon
- Innsparingstiltak til politisk vurdering
- Gjerdsvika hamn - sluttrapport
- Storehaugen bustadfelt - sluttrapport
I tillegg skal formannskapet gjere vedtak i desse sakene:
- Tv-aksjonen 2025, kommunekomite og kommunebidrag
- Detaljregulering gang- og sykkelveg langs fv5868, Vik - Sætre, 2.gongs off.ettersyn
Du kan lese alle sakspapira her.