Tysdag 13. mai vert det møtevirksomheit for kommunestyremedlemmane våre nesten heile dagen.
Det skal vere arbeidsverkstad for bustadpolitisk plan, formannskapsmøte og til slutt kommunestyremøte.
Du kan få informasjon, og lese alle sakspapira her.
Kommunestyret, som startar kl 14.30 vert strøyma via vår YouTube-kanal.
Arbeidsverkstad for bustadpolitisk plan er eit samarbeid mellom politikarar og administrasjon i Sande, samt Statsforvaltaren, Fylkeskommune, Distriktssenteret og Husbanken.
Deltakarane i arbeidsverkstaden skal få grundig informasjon om det kunnskapsgrunnlaget som ein må ha når ein skal utforme ein bustadpolitisk plan. Det vert lagt opp til både eksterne og interne innleiarar og gruppearbeid.
Arbeidsverkstaden varer frå kl 09.30 til kl 13.30.
På saklista
Formannskapet sitt møte startar kl 13.45.
Dei har to saker på saklista, begge gjeld godkjenning av Tingretten sitt skjønn i forbindelse med grunnkjøp.
Kommunestyret sitt møte startar kl 14.30.
På deira sakliste finn vi saker som:
årsmelding for kommunale råd
årsmelding og årsrapport for Sande kommune
budsjettregulering for startlån
HoppId-avtale
godkjenning av Tingretten sine skjønn for Gjerde i Gjerdsvika og Haugen på Larsnes.