Kommunestyret i Sande skal ha møte tysdag 4. februar 2025 kl. 13.45.
Møtet skal vere på Sande rådhus, og er ope for publikum.
Du kan også følge kommunestyremøtet digitalt via kommunen sin YouTube-kanal.
På saklista
Kva vedtekter skal barnehagane i Sande ha? Kor mange flyktningar skal vi ta imot i år? Korleis skal administrasjonen sjå på framtidig skulestruktur i kommunen og kva investeringar skal prioriterast?
Desse, og fleire saker skal til behandling i kommunestyremøtet.
Du kan lese alle sakspapira på kommunen si innsynsløysing.