Stortingsvalet 2025

Pårørandeskule - for pårørande til personar med demens

Pårørandeskule - for pårørande til personar med demens

Pårørandeskule er eit undervisningstilbod til deg som har omsorg for,  eller har ein nær ven med demens. Helse og omsorg i Sande og Kvamsøy  helselag ynskjer dykk velkomen.

iStock

Kurset går desse måndagane kl. 18.15 - 20.15

  • 22.september 
  • 29.september
  • 13.oktober 
  • 20.oktober 

 

Stad: Kapellet på Sandetun omsorgssenter på Larsnes

Kvifor pårørandeskule ?

Mange undersøkingar viser at pårørande eller vener til personar med sjukdomen demens har eit stort behov for kunnskap, hjelp og støtte i ein vanskeleg situasjon.

Mål for pårørandeskulen er

  • å gi pårørande til personar med demens auka kunnskap om sjukdomen for å takle sin situasjon i høve til familie og vener
  • å betre kvaliteten på samværet med den sjuke, både i heimesituasjon og på institusjon
  • at pårørande vert kjend med ulike tenestetilbod og behandlings-apparatet

Påmelding:

Ring Sande kommune, kommunikasjonsavdelinga – tlf 700 26 700 mellom kl. 10:00 – 12:00 eller meld deg på her: 

 

Frist:   17. september 2025.

Kursrekka er gratis, og det vert enkel servering på kurskveldane.

Har du spørsmål? 

Kontakt  Kari Johanne Skarmyr tlf  959 18 965 eller Kari Ristesund - tlf 905 41 236.