Oransje farevarsel: Svært kraftige vindkast

Oransje farevarsel: Svært kraftige vindkast

Meteorologisk institutt varslar svært kraftige vindkast frå natt til måndag. Varselet gjeld i ytre strøk på Sunnmøre.

Skjermbilde varsom.no - Klikk for stort bilete Skjermbilde varsom.no

Varselet gjeld frå klokka 04.00 til 17.00 måndag 21. oktober 2024.

Det er venta lokalt svært kraftige vindkast på 38–43 meter i sekundet frå først sør, seinare sørvest – og opptil sterk storm (30 meter i sekundet), kan hende orkan (33 meter i sekundet) på kysten.

Varselet er på oransje nivå. Meteorologane gir desse råda:

  • Lause gjenstandar må festast.
  • Lat godt igjen vindauge og dører. 
  • Sørg for at takrenner, stillas, antenner og presenningar er godt festa.
  • Unngå å ferdast på utsette stader.
  • Rekn med ekstra god tid til transport og køyring.
  • Vurder om reisa er nødvendig.
  • Følg råd og sjekk status frå transportaktørar. Sjekk vegmeldingar (175.no). 
  • Beredskapsaktørar skal fortløpande vurdere behov for beredskap.
  • Ver varsam ved ferdsel i strandsona og på sjøen. 
  • På førehand: Vurder tiltak for å avgrense skade.

 

Konsekvensar

  • Gjenstandar kan bli tatt av vinden eller blåse over ende.
  • Kansellerte avgangar for ferje, fly eller annan transport er venta.
  • Bruer kan bli stengde.
  • Mange reiser kan få lengre reisetid.
  • Straumforsyninga kan bli påverka, til dømes som følge av tre som knekk eller kjem i kontakt med straumnettet.
  • Vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbana.

 

Her finn du Meterologisk institutt sitt varsel