Sande kommune og Ulstein kommune har saman sendt høyringssvar til Prop. 87 S (2023–2024).

Oppmodar Forsvaret om å bruke norske verft

Sande kommune og Ulstein kommune har saman sendt høyringssvar til Prop. 87 S (2023–2024). Ordførar i Ulstein kommune Stian Skorgen Scheide har fått tre minutt taletid i samband med Stortinget si høyring i Forsvarsløftet – for Norges trygghet. Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036.

Video frå høyringa 18.april kan du sjå her.

Proposisjonen inneheld regjeringa sitt forslag til heilskapleg vidareutvikling av forsvarsevna og forsvarssektoren i Noreg. I proposisjonen foreslår regjeringa ei betydeleg styrking av Forsvaret gjennom eit forsvarsløft.

Arbeidsplassar, kunnskap og teknologi

Ulstein og Sande kommune fremmar kor viktig dei meiner det er å støtte den norske maritime industrien.

– Verfta og utstyrsbedriftene i vår region er kritisk viktige for nasjonal beredskap. Dei sit på kompetansen og teknologien som kan bidra til å løfte viktige forsvarsmessige prosjekt. Ved å legge til rette for at desse prosjekta vert realiserte lokalt, sikrar vi ikkje berre arbeidsplassar, men også overføring av kunnskap og teknologi, skriv dei i høyringssvaret.

Du kan lese heile høyringssvaret her(PDF, 126 kB)

Dag Vaagen - Klikk for stort bileteOrdførar i Sande kommune Dag Vaagen Høyre

 

Ordførar i Ulstein kommune Stian Skorgen Scheide. Janne-Marit Myklebust Myklebust Verft