Tid: Torsdag 8. oktober kl. 16.00
Adresse: Moljevegen 50, Gjerdsvika
Stad: STADT Konferansehall
Gratis inngang - påmelding ved e-post til asta@stadt.no
Australia har den høgaste førekomsten av hudkreft i verda. Professor Rosendahl har lang erfaring med diagnostikk, behandling og undervisning innan hudkreft. Dr. Simon Clarck har særleg kompetanse innan dermatopatologi, det vil seie undersøking og vurdering av hudforandringar i mikroskop.
No kjem dei til Noreg, på initiativ av kommuneoverlege i Sande, Asta Sileikiene. Dette er ei sjeldan moglegheit til å høyre to svært kunnskapsrike foredragshaldarar dele erfaringane sine. Vi ønskjer at flest mogleg skal få høve til å delta.
Foredraget er ope for alle og passar for deg som ønskjer å lære meir om:
- Korleis hudkreft kan oppdagast tidleg
- Kva hudforandringar ein bør vere merksam på
- Sol, solskadar og førebygging
- Korleis ein kan redusere risikoen for hudkreft
- Kvifor tidleg diagnostikk kan redde liv
Fagkonferanse for helsepersonell
Laurdag 10. oktober blir det arrangert fagkonferanse om hudkreft for legar og anna helsepersonell. Konferansen vil ha eit meir fagleg og fordjupande program med professor Cliff Rosendahl og dermatopatolog Dr. Simon Clarck.
Det blir søkt om godkjenning for poeng frå Den norske legeforening. Konferansen passar særleg for helsepersonell som ønskjer å styrkje kunnskapen sin innan førebygging, diagnostikk og behandling av hudkreft.
Vi håpar mange vil nytte denne unike moglegheita til å møte ekspertane, og til å lære meir om eit viktig tema som angår oss alle.
Velkomen!
