Ordførar Dag Vaagen klipte snora og ønskte alle velkomne til opninga. Mange innbyggjarar tok turen innom for å sjå dei nye lokala, få informasjon og møte tilsette frå ulike tenester.
– Dette er ein viktig dag for kommunen og for eldreomsorga. Nybygget Fjordro gir gode og framtidsretta bustader, sa ordføraren i sin opningstale. -Det er viktig med rett omsorg til rett tid.
Prosjektleiar Kjell Hauge frå kommunen delte ut pins og roser til entreprenørane under opninga. Han fortalde om svært god samhandling gjennom heile byggeprosessen, og rosa også heimesjukepleiarane for innsatsen dei har lagt ned medan arbeidet har pågått.
Hauge kunne også dele ei god nyheit: Sande kommune har søkt og fått tilskot frå Husbanken til ei ny sentral for driftsanlegget. Kommunen har fått tilsegn om 770.000 kroner til dette formålet.
Velferdsteknologi, hjelpemiddel og tenester i fokus
På opningsdagen fekk besøkande sjå korleis velferdsteknologi kan bidra til tryggleik og meistring i kvardagen – både heime og på institusjon. Tilsette frå heimetenestene og fysioterapi var til stades og svara blant anna på spørsmål om korleis ein kan planleggje for å bu lenger i eigen heim.
Det er også installert ny velferdsteknologi ved omsorgssenteret. Med det nye signalanlegget får vi betre oversikt og kan arbeide meir effektivt, samtidig som vi aukar tryggleiken for bebuarane, kunne prosjektleiar Kjell Hauge fortelje.
Kari-Johanne Skarmyr viste ei seng som gjer det mogeleg å unngå tunge løft. Senga har heve og senke funksjon. I tillegg kan ein snu den slik ein får føtene ned på gulvet. Dette er ei nyvinning, kunne Skarmyr fortelje.
Kommunalsjef for helse og omsorg Jørn Velle Moldskred seier - For Sande-samfunnet betyr dei nye omsorgsbustadane og heimetenestelokala at vi styrkar nærleiken og tryggleiken for dei som treng omsorg – dei får tilrettelagde bustadar og tilbod innanfor eiga kommune, det styrkar fellesskapet vårt og kvaliteten i tenestene. For dei tilsette betyr dette eit bygg som er moderne, funksjonelt og tilrettelagt – det gir betre rammer, meir føreseielege arbeidsvilkår og eit miljø som legg til rette for godt samarbeid og omsorgsarbeid.
Opne dører og gode samtalar
Gjester fekk høve til å sjå seg om i delar av det nye bygget og besøke enkelte av romma. Nokre bebuarar har allereie etablert seg, og fleire er på veg inn. Det vart gode samtalar mellom innbyggjarar, pårørande og tilsette – og mange uttrykte glede over dei nye fasilitetane.
– Det er lyst, moderne og veldig triveleg her, sa mange. Og den utsikta, då!
Planlegging for framtida
Ein viktig del av dagen var informasjon om korleis ein kan førebu seg på framtidige behov. Kommunen oppmodar innbyggjarar til å tenkje gjennom bustadsituasjonen tidleg, og undersøkje kva hjelpemiddel og tilrettelegging som finst.
Takk til alle som kom!