Forslaget til forskrift skal erstatte gjeldande forskrift frå 2020 og fastset kva skular elevane i dei ulike delane av kommunen soknar til etter at den nye skulestrukturen vert innført.
Forslaget inneber mellom anna at:
- Gursken skule vert nærskule for elevar på 1.–7. trinn frå Gjerdsvika, Haugsbygda, Gursken, Larsnes, Hallebygda og Skredestranda.
- Kvamsøy oppvekstsenter vert nærskule for elevar på 1.–7. trinn frå Sandsøy, Voksa, Kvamsøy og Haugsholmen.
- Den felles ungdomsskulen i Gursken vert nærskule for alle elevar i Sande kommune på 8.–10. trinn.
Forslaget til forskrift vert lagt ut på høyring i samsvar med forvaltningslova § 37. Alle interesserte kan kome med innspel til forslaget før endeleg forskrift vert vedteken av kommunestyret.
Kva står i den nye forskrifta?
Her finn du forslaget til NY forskrift om skulekrinsar i Sande kommune (PDF, 43 kB).
Her er gjeldande forskrift om skulestruktur i Sande kommune frå 2020 (PDF, 613 kB).
Høyringssvar og frist:
Merknadar til forskrifta må vere skriftleg og kan sendast til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Merk skrivet med «Forskrift om skulekrinsar i Sande kommune »
Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnr. 26/3652
Høyringsfrist: 30. september