Odd Kåre Wiik om Storetua og dei historiske vardane der

Odd Kåre Wiik om Storetua og dei historiske vardane der

Dei ti historiske vardane på Storetua er eit kulturminne som Odd Kåre Wiik set pris på både som ein som er interessert i korleis dei blei til og som friluftsmann.

Odd Kåre Wiik  - Klikk for stort bileteOdd Kåre Wiik

Kva er ditt favoritt kulturminne og kvifor?

Odd Kåre Wiik svarar at det er mykje å velje i. Han har valt Storetua, og han vil kalle dette eit kulturminne fordi der var bygt for rundt 100 år sidan. Der står ti vardar der som vart bygt av ein gursking som heitte Johan Myklebust. Då han kom frå Danel garden fekk han namnet Danel-Johan. Det var slik før at dei fekk namn frå garden dei kom frå.

Storetua - Klikk for stort bileteStoretua Odd Kåre Wiik

Danel-Johan bygde desse vardane på 20-tallet og utover. Der var sannsynlegvis ein varde ytterst ute då det var ganske vanleg å ha vardar på fjelltoppar. Wiik trekkjer inn den historiske bruken av vardar som for rundt 1000 år sidan, var ein viktig del av eit varslingsystem i landet vårt, der ein varsla folk med vardar gjennom vardebrenning. 

Desse vardane er spesielle å sjå på den måten at så mange vardar står på rekkje etter kvarandre på ei fjellkjede, dette er ikkje vanleg. Men det er nokre få plassar der det og er fleire vardar på ein fjelltopp. Wiik nemner Skårasalen  som har tre vardar. Men det er heilt uvanleg at fjelltoppar, eller fjellkjeder, har så mange vardar som på Storetua. Derfor var det flott då vi var ungar å kome seg på Storetua, fortel Odd Kåre. Der er mykje som tyder på at det også har vore stemneplass her i gamal tid, seier han vidare og viser til eit gamalt bilde. 

Olaf Storegjerde, Storegjerdesamlinga - Klikk for stort bilete Olaf Storegjerde, Storegjerdesamlinga

Elles så er der også spor etter torvholer der dei tok ut torv som vart brukt til brensel før i tida. Dette er ein del av den lokale historia vår og skjedde særleg der det var lite eller ingen skog. 

I dag er det ein fin utfartsstad, der det er lett å gå. Friluftsmannen Odd Kåre framhevar at det er fint om sommaren, og spesielt fint om vinteren. Då det er ei fin oppleving å få kome opp der på ski og kunne renne ned igjen. Han viser til at det er ekstra flott å gå viss du startar frå Leikongeidet og går anten på Sollia eller på Storetua. Viss du går frå Leikongeidet til Storetua så renn du nesten heile vegen tilbake frå Storetua. No i nyare tid så er det meir randonnéski i bruk, og då er det mange som går frå Holtane og opp til Storetua og får ei fin nedfart rett ned gjennom fjellsida. For Odd Kåre har vardane gjort at Storetua er spesielt på fleire måtar; både kulturelt og friluftsmessig.

Har du  opplevingar eller minner frå Storetua?

Odd Kåre Wiik har gode minne derifrå frå barndommen sidan han og andre likte å gå tur dit, og ein viktig motivasjon for turmålet var då å kome til topps på Storetua som låg 592 meter over havet. Han skildrar ein barndom der friluftsliv og uteliv prega barndommen med aktivitetar på fjellet der mellom anna dei fiska når dei tok turen til fjellet. Både Sæssvatnet og Meldalsvatnet, på baksida, var gode fiskevatn der dei fiska mykje ørret. Det var ein milepæl  for oss å kome seg opp på Storetua og kose seg med matpakken der, fortel han vidare. Bærplukking var ein annan aktivitet  som dei gjerne kombinerte med tur på Storetua sidan det var mykje bær rundt fjellet.

Då det var aktuelt å bygge vindmøller på heile fjellet der, fortel Wiik at det var mykje motstand mellom folket her mot eit slikt prosjekt.  Då var det vaffelsteiking og fullt oppmøte med motstandstreff på Storetua.  Vi hadde berre dette fjellet, tenkte vi.

Panoramautsikta ein har frå Storetua der ein ser ut over Herøy, Sunnmørsalpane, Måløy og Hornelen er også noko som gjer Storetua til eit flott turmål som Odd Kåre set pris på. Han nemner vidare at viss han går frå Holtane, ser han på det som ein enkel tur.

Storetua snø og ski - Klikk for stort bileteStoretua Odd Kåre Wiik

Trur du dette er ein stad som det er stor fokus på?

-Fjellet har fått meir fokus no enn før i tida på grunn av Facebook og andre sosiale media. No er dette ein fritidsaktivitet der mange vil gå på flest moglege toppar, og svært bra er det at folk vil til fjells. Før derimot gjekk ein også på fjellet for å mjølke kyrne, for å spade torv, fiske og liknande.

Kva kan ein gjere for å gjere staden meir kjend for andre?

-Eg synest at idrettslaga er flinke. Både Larsnes IL og Gursken IL i dette tilfellet då, med å gjere turmålet Storetua kjend, sidan Gursken IL har Storetua den inste varden som ein tur,  og Gjerdsvika idrettslag har den yste varden som eit av sine turmål.

Kan du noko om historia til staden?

Wiik viser til det Sigmund Bøe har skreve om då Danel-Johan bodde i Gursken. I Segn og Soge med artikkel av Sigmund Bøe finn ein mykje om den historiske bakgrunnen og innsatsen Danel-Johan gjorde med vardane på Storetua. Bøe viser til at Danel-Johan hadde bakgrunn frå anleggsarbeid i Amerika og busette seg på garden han kom frå på Myklebust i 1903. Der dreiv broren og han gard. Danel-Johan hadde sauer og jobba også ved sidan av gardsdrifta.

Storetua blå himmel Foto Odd Kåre Wiik - Klikk for stort bilete Odd Kåre Wiik

Bakgrunnen som anleggsarbeidar kan vere ei årsak til at Danel-Johan sette i gong oppbygging av vardane på Storetua. Bøe skriv om at der truleg var restar av steinvardar som var utsette for naturkrefter som hadde ramla saman som Danel-Johan bygde opp igjen. 

I tidlegare tider då vardebrenning var ein viktig del av varslingssystemet og gav signal til folket som såg det. Danel-Johan sin innsats med å sette opp vardane kan ha bakgrunn i den verdien han såg i å bevare vardane for ettertida. Dette saman med at Danel- Johan likte friluftsliv og hadde sauer på sommarbeite ved Storetua, bidrog nok også til at han vart inspirert til å bygge opp til saman ti vardar på Storetua. Han kombinerte sommarbeite for sauene med oppbygging av vardane, særleg i 1920-30 åra.

Det er blitt fortalt at moskusoksane som var der på den tida, ville kvitte seg med ulla og skubba derfor bort i vardane og på grunn av tyngda si skada dei vardane. I alle fall vart det sagt at dei øydelagde mykje av det Danel-Johan hadde bygd opp. Arbeidet med vardane var tidkrevande sidan det innebar flytting av stein. Bøe anslår at kvar varde hadde stein som vog mellom seks og sju tonn utifrå at dei vart bygde i firkant med breidde på kvar av dei fire sidene på 0,8 meter og med ei høgd på to meter. 

Storetua to vardar  - Klikk for stort bileteStoretua to vardar Odd Kåre Wiik

Wiik fortel at etter kvart var der andre som hjelpte og overtok arbeidet med vedlikehald av dei ti vardane. Det kom også fram at det i nyare tid er ein varde som er blitt skada av lynnedslag, så vedlikehald trengst for å ta vare på den historiske arven vår, både frå tidlegare vardebrenning og det store arbeidet med oppbygging av vardane som Danel-Johan gjorde.

Finn ut meir om turen på: https://morotur.no/tur/storetua2