Nyttig oppstartsmøte for påbygg/ombygging av Sandetun omsorgsenter

Nyttig oppstartsmøte for påbygg/ombygging av Sandetun omsorgsenter

No er vi i gong. Torsdag 21.03.24 var det oppstartmøte for påbygg / ombygging av Sandetun omsorgssenter. Her skal det kome nye omsorgsbustader. 

F.v. Patrick Ulla (GK AS ), Kjell Hauge (Prosjekt/byggeleiar), Tommy Gjerde (Tussa Installasjon AS), Endre Skeide (HS Rise Bygg AS ), Lars Ove Mork (HS Rise Bygg AS), Runar Vik (A. M. Vik)

Byggeleiar Kjell Hauge møtte representantar frå entrepenørane som er valde. Målsettinga var å få gå gjennom heile prosjektet for å utveksle generell informasjon om utbygginga. 

Prosjektet vil starte opp i midten av april 2024.

I tillegg er ATEA engasjert for velferdsteknologi/ sjukesignalanlegg, Låssentert AS for adgangskontrollanlegg, EM-Systemer for SD-anlegg og Lift-Teck AS for heis.

Sande kommune ser fram til eit godt samarbeid med valde entreprenørar i prosjektet.

Kontakt

Kjell Hauge
ingeniør
E-post
Mobil 99 57 97 16