Nyttig og praktisk dag med fokus på akutthjelp

Nyttig og praktisk dag med fokus på akutthjelp

I går, fredag, gjennomførte Sande Brann og Redning "Grunnkurs Akutthjelper". Det var Lennart Waagan frå Norsk Luftambulanse som var kursleiar. Sande Brann og Redning takkar Waagan som tok dei gjennom ein nyttig og lærerik dag, samtidig som han inspirerte dei vidare til å yte nødvendig hjelp til befolkninga både i og utanfor kommunen.

Sande Brann og Redning fortel vidare at mannskap frå ambulansebåten LIV også var med dei gjennom dagen. Dette var både nyttig og viktig for å knyte relasjonar mellom etatene.

Erfaringane frå den praktiske dagen blir viktige å  ta med vidare då etatene skal samhandle ved eventuelle hendingar der både Brann og Redning og helsepersonell blir involverte.

 

 

Sande Brann og Redning
Sande Brann og Redning kurs - Klikk for stort bilete Sande Brann og Redning