i-stock, Jacob Wakerhausen
Målet med vaksenvaksinasjonsprogrammet er å forebygge alvorleg sjukdom og sjukefråvær.
Det vil vere eigne vaksinasjonsdatoar for øyane, men for innbyggarar på Gurskøya vert det ved Breidablik (sjå tidspunkt for dei ulike bygdene nedanfor).
Det er inga påmelding, alle over 65 år og dei som er i risikogruppene kan møte!
Tid og stad
Kvamsøy ved Høgtun 27. oktober kl. 11.00 - 12.30
Sandsøy ved Dollstun 4. november kl. 11.00 - 12.30
Gjerdsvika ved Breidablik 28. oktober kl. 12.00 - 13.00
Gursken ved Breidablik 28. oktober kl. 13.00 - 14.30
Larsnes ved Breidablik 28. oktober kl. 15.00 - 16.30
Prisar
*Prisane vert noko lavare ved samvaksinasjon, dette gjeld for koronavaksine og pneumokokkvaksina for dei som er fødde i 1960. Vi fylgjer FHI sine veiledande prisar når det gjeld årets vaksinasjon, derav eindel endringar når det gjeld pris.
*Merk at dei som er fødde i 1960 får tilbod om ei eiga pneumokokkvaksine til ein redusert pris, dette som følge av FHI sitt vaksenvaksinasjonsprogram.
Kven bør ta influensavaksine?
Under kan du lese meir om kva grupper som har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og som difor blir tilrådde å ta influensavaksine:
Les meir om kven som bør ta influensavaksine her
Kven bør ta koronavaksine ?
- Merk at målgruppa for koronavaksine er frå i år flytta frå 65 til 75 år, utanom dei som er i risikogrupper.
- Merk at gravide ikkje lenger er i målgruppa, dersom dei ikkje har underliggande sjukdomar.
Les meir om kven som bør ta koronavaksine her
Kven bør ta Pneumokokkvaksine ?
- Merk at dei som er fødde i 1960 i år får tilbod om ei eiga Pneumokokkvaksine til ein redusert pris, denne varer livet ut.
Les meir om kven som bør ta Pneumokokkvaksine her