Nytt sjukesignalanlegg på Sandetun omsorgssenter

Nytt sjukesignalanlegg på Sandetun omsorgssenter

Frå 6. mars har Sandetun omsorgssenter tatt i bruk eit nytt sjukesignalanlegg frå Sensio. Dette gjeld avdelingane Tingstova, Solsida, Sørhagen og Fjordro (når den er ferdig bygd).

Atea

Pasientvarslingssystemet enkelt forklart:

Pasientvarsling er velferdsteknologi som gjer at ein bebuar eller pasient kan varsle helsepersonell når vedkommande har behov for hjelp. Det kan både vere teknologi som bebuaren sjølv må aktivere ved å trykke på ein knapp, eller meir avansert teknologi som passivt og automatisk vil varsle dersom det oppstår potensielt farlege situasjonar som kan krevje hjelp frå helsepersonell. Eksempel på pasientvarslingssensorar er: alarmknappar, fallalarmar, vandrealarmar, digitalt tilsyn, brannvarsling og elektroniske dør- og vinduslåsar.

Alle bebuarane på Haugetun har fått installert ordinær tryggleiksalarm, også frå Sensio, som har dei same funksjonane som pasientvarslingssystemet.

Tidlegare telefonnummer til alle avdelingane er ikkje i bruk lenger, og dei nye kontakt-telefonnummera til avdelingane står under.

Nye kontakt-telefonnummer til avdelingane:

Tingstova A (2. etasje):

  • Dag/kveld 07:30-22:00 tlf. 47872176
  • Natt 22:00-07:30 tlf. 47872930

Tingstova B (2. etasje):

  • Dag/kveld 07:30-22:00 tlf. 47872788
  • Natt 22:00-07:30 tlf. 47872930

Solsida (1. etasje):

  • Dag/kveld 07:30-22:00 tlf. 47872859
  • Natt 22:00-07:30 tlf. 47872962

Sørhagen:

  • Dag/kveld 07:30-22:00 tlf. 47875330
  • Natt 22:00-07:30 tlf. 46937836

Haugetun:

  • Dag/kveld 07:30-22:00 tlf. 94168175
  • Natt 22:00-07:30 tlf. 46937836

 

Sensio pasientvarslingsanlegg

Ved hjelp av Sensio pasientvarslingsanlegg kan bebuarar og tilsette utløyse alarmar frå kvar som helst i bygget og bli lokalisert i sanntid. Med ei alarmoversikt tilgjengeleg på mobilapplikasjonen Sensio Pocket, får tilsette tilgong til relevante alarmar og verktøy frå éin og same handhalde eining. Pasientvarslingsanlegget har innebygde funksjonar for diskret varsling ved behov for assistanse, vandring og fall,  - som kan aktiverast etter behov.

Atea

Lokaliseringssystemet fungerer ved at tilsette og bebuarar får tildelt alarmknappar som sender signal til vardar montert i tak eller over himling. Vardane kalkulerer avstanden til brukaren ved hjelp av signalstyrken dei får frå tilsett- og bebuarknappane. Den informasjonen blir sendt gjennom ein posisjoneringsalgoritme der posisjonen til brukaren blir kalkulert og knytt til alle dei aktuelle Sensio-funksjonane.

 

Atea