Nye turkart for Sande kommune

Nye turkart for Sande kommune

Kvamsøya Kamilla Werkland

Kommunestyret har gjort vedtak om å kjøpe inn det nye turkartet som idrettslaga i kommunen har fått laga. Turkartet har informasjon om turstiar, gapahukar, sikteroser, badeplassar m.m.  Turkartet vil verte utsendt til alle husstandane i Sande og vi håpar og trur at det vil vere til glede for alle som likar å ferdast i naturen i den fine kommuna vår. 

 

For dei som ikkje mottek eit kart gratis som innbyggjar i Sande, vil det verte lagt til rette for sal via idrettslaga og frå kommunikasjonsavdelinga ved rådhuset.