– Eg gledar meg stort til å komme tilbake i jobb hjå Sande kommune og ser fram til nye spennande utfordringar her, seier Karina.
Karina kjem frå Sandsøya og bur no i Gursken. Ho har allereie erfaring med HR frå tidlegare jobb Vanylven kommune og Myklebust Verft.
Som leiar for HR og kommunikasjon vil Karina arbeide med mellom anna organisasjons- og kompetanseutvikling, arbeidsgjevarstrategiar, informasjonsrutinar og proaktiv kommunikasjon.
Karina Beate Skare Longva og Amanda Ramstad.
Tove Cathrine Kvamme
Amanda Ramstad har dei siste åra budd i Trondheim, men kjem frå Tjørvåg i Herøy kommune. Denne sommaren har ho flytta tilbake for å ta til i stilling som kommunikasjonsansvarleg. Ho kjem frå stilling som kommunikasjonsmedarbeidar for bedrifta Oi! Mat og drikke.
I henna stilling vil Amanda arbeide mellom anna med kommunikasjonsstrategi, praktisk intern- og innbyggjarkommunikasjon, innhald til sosiale media og heimesida til kommunen.
– På den korte tida eg har vore her no føler eg at eg allereie har lært utruleg mykje. Det er sjølvsagt mykje eg framleis må setje meg inn i, men eg gler meg til vegen vidare, avsluttar Amanda Ramstad.