Ny vassforsyning til Hallebygda er sett i driftTeknisk sektor kan melde om at ny vassforsyning til Hallebygda er sett i drift. Dette betyr at området har fått ei trygg og stabil vasskjelde. Utbygginga vil òg sikre tilgang til brannvatn for busetnaden i Hallebygda. Teknisk sektor i Sande kommune Det gjenstår å grave ned leidninga i ei lengde på ca. 500 meter og dette vil skje til hausten. Denne ligg no førebels på bakken og dette fungerer fint.Vassleidninga kan i framtida inngå i Sande kommune si reservevassforsyning. Dette er eit arbeid som pågår etter pålegg frå Mattilsynet.Dersom husstandar og fritidshus ynskjer tilkobling kan ein no søkje om tilkobling.Søknadskjema finn du her Publisert 16.06.2025 11:15