Ny temaside: Skulestruktur
Mange innbyggarar, føresette og tilsette har etterlyst meir informasjon om omstruktureringa av grunnskulen i Sande. Vi legg oppdatert informasjon på ei eiga temaside om arbeidet, fram mot oppstart av ny skulestruktur frå januar 2027.
På temasida finn du informasjon knytt til omstruktureringa, og oppdateringar etterkvart som meir informasjon vert avklart.
Temaside: Omstrukturering av Sandeskulen
Per no finn du informasjon om bakgrunnen for vedtaket om ny skulestruktur, status på skuleskyss, informasjon til tilsette og ei spørsmål/svar-side.
Vi set pris på tilbakemeldingar på kva du saknar på sidene, dette kan du gjere ved å:
- Blad nedover på kvar side til du ser: “Fann du det du leita etter? Vi er glade for tilbakemeldingar, gjerne med kontakt-info”
- Klikk “Ja/Nei” og legg inn kommentar.
- Klikk deretter “Send” for at vi skal motta tilbakemeldinga
Silje S. Mork/Sande kommune