Privat
Ved sidan av lærarjobben har Camilla vore hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Sande sidan 2019. Ho har lang erfaring frå skulen og organisasjonsarbeid, og kjenner kommunen godt.
– Eg er glad for at eg fekk jobben som rektor, og ser fram til å verte betre kjend med både dei tilsette og elevane ved Larsnes skule, seier Camilla.
Sande kommune ønsker Camilla velkomen til den nye rolla, og lukke til med oppstarten!