Sunnmøre friluftsråd
Naturmøteplassen blir arrangert på dagtid kvar torsdag framover i gapahuken Vardely, som ligg på den populære turstien Vardevegen.
Tiltaket er eit samarbeid mellom Sunnmøre friluftsråd og Sande Frivillegsentral, medan lokale frivillige vertar vil stå for gjennomføringa frå veke til veke.
Fellesskap, tur og kaffe
Naturmøteplassane kombinerer det enkle friluftslivet med sosialt fellesskap og trivsel.
– Friluftsrådet har fleire Naturmøteplassar rundt om på Sunnmøre og dette har blitt populære møteplassar i friluft for folk i alle aldrar. Mange kjem igjen gong etter gong, og vi får svært gode tilbakemeldingar både frå vertane og dei som kjem innom, seier prosjektansvarleg Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.
Tilbodet er gratis, lågterskel og heilt uforpliktande. Etter ein kort tur kjem deltakarane fram til gapahuken, der det ventar fyr i bålpanna, varm drikke og hyggelege vertar som tek i mot og er klare for ein prat.
– Naturmøteplassane handlar ikkje om å gå lengst eller raskast – men om å vere ute saman. Enten ein kjem åleine eller saman med andre, er terskelen låg og fellesskapet stort. Her er det plass til alle som ønskjer frisk luft, gode samtalar og ei hyggeleg stund ute i naturen, seier Ellingsæter
Tilbod til alle
Ved Sande Frivilligsentral er det stor glede over å få Naturmøteplassen til Larsnes.
– Vi håpar dette blir eit populært tilbod i Sande også. Kombinasjonen av å kome seg ut i friluft og samtidig møte andre menneske er verdifull. Dette er eit tilbod for alle som har lyst til å kome, og vi gler oss til å starte opp, seier Ann-Kristin Brekke Oksavik, leiar ved Sande frivillegsentral.
På Naturmøteplassane er det frivillege enkeltpersonar, samt lag og organisasjonar som byter på å vere vertskap. På Larsnes har mange eldsjeler alt meldt seg som vertskap og desse vi då byte på oppgåva gjennom året.
– Vardevegen er ein svært populær og mykje brukt tursti, med lett tilkomst frå fleire plassar. Også dei som kjem med ferje kan enkelt ta turen innom Naturmøteplassen, seier Oksavik.