Lilly-Arlen Kvalsund
Privat
Lilly-Arlen Kvalsund er 52 år og er fødd og oppvaksen i Herøy. Ho kjem frå stillinga som leiar for Kvalifiseringssenteret for innvandrarar i Herøy kommune, og har lang og allsidig erfaring frå arbeid med barn, unge og familier.
Ho har jobba innan pedagogikk på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, og ho har hatt roller innan dei fleste fagområda i oppvekstfeltet – mellom anna barnehage, skule, PPT , vaksenopplæring og flyktningetenesta. Slik har ho opparbeidd seg tverrfagleg innsikt i både utfordringar og moglegheiter i sektoren.
Med mastergrad i yrkesretta spesialpedagogikk og kompetanse innan generell pedagogikk, spesialpedagogikk og migrasjonspedagogikk, håper ho å kunne ta med seg ein verdifull kombinasjon av fagleg tyngde og praktisk erfaring inn i rolla som kommunalsjef for oppvekst og kultur.
Lilly-Arlen seier:
– Eg brenn for barn og unge si utvikling og meistring og er oppteken av å skape trygge, inkluderande og fagleg sterke oppvekstmiljø. Eg er kulturelt engasjert og ser fram til å verte betre kjend med det kulturelle engasjementet i Sande. Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet, verte kjend med nye kollegaer og samarbeidspartnarar – og ikkje minst vere med på å vidareutvikle dei gode tenestene i Sande kommune.
Kommunedirektør Renathe Rossi Aglen seier ho er glad for å få ein kommunalsjef som har høg kompetanse og solid erfaring frå oppvekstsektoren, på plass på nyåret.
Kommunedirektør Renathe Rossi Aglen
Silje S. Mork
Aglen legg avslutningsvis til
-Lilly er ei god rekruttering til Sande kommune, i ei særs viktig leiarstilling.