Trine Kanter Zerwekh i Statens vegvesen presenterer den nye nettsida for turistar på veg. – Her finn du nyttige tips for turen, og det viktigaste er å ta vare på både trafikksikkerheita og framkome for alle, seier ho.
Statens vegvesen
Når mange skal på ferie samtidig, kan det bli kaotisk på smale vegar – spesielt når mange reiser med bubil, campervan eller campingvogn. Då kan det bli både utrygt og vanskeleg for andre reisande, som køyrer personbil, motorsykkel eller syklar.
Reglar, råd og nyttige tips
– Nettsida vegvesen.no/turist finst både på norsk og engelsk, og gir informasjon som skal bidra til tryggare trafikk og betre framkome. Her finn du også mykje nyttig for bubil- og campingturistar, slik at dei kan ta meir omsyn – både til andre trafikkantar og til lokalbefolkninga, seier Trine Kanter Zerwekh i Nasjonale turistvegar.
På nettsida finn du:
- Dei viktigaste trafikkreglane
- Korleis du køyrer trygt med bubil og campingvogn
- Informasjon om veg- og køyreforhold
- Bompengar og fartsgrenser
- Tips for trygg ferdsel med motorsykkel og sykkel
Ersfjordstranda langs Nasjonal turistveg Senja. Rasteplassane er laga for korte stopp – ikkje for overnatting
Trine Kanter Zerwekh
Rasteplassar er ikkje campingplassar
Ein stor utfordring med bubilturistar er at mange overnattar på rasteplassar som ikkje er meint for camping. Dette gjer at andre turistar ikkje får stoppa for ein kort pause, og det kan skape både trafikkproblem og farlege situasjonar.
– Rasteplassar er laga for korte stopp, ikkje for overnatting. Bruk heller tilrettelagde campingplassar og overnattingsstader, seier Trine Kanter Zerwekh.
Ho oppmodar også alle til å forlate rasteplassar og toalett slik du sjølv ønskjer å finne dei – og til å følgje campingvettreglane: campingvettregler-2025.pdf
Det kan bli litt kaotisk når mange bubilar finn vegen til Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda.
Trine Kanter Zerwekh
Last ned trafikk-appen frå Vegvesenet
Besøk vegvesen.no/trafikk eller last ned trafikk-appen.
I appen kan du:
- Setje opp varsel
- Sjekke køyreforhold via webkamera
- Sjå status på fjellovergangar
- Finne rasteplassar
- Sjå vêrutsette og stengde vegar
- Få mykje anna nyttig trafikkinfo
Bubilplassar i Sande
Her finn du bubilplassar i Sande.
Nyttige nettstader for deg som skal på Norgesferie:
vegvesen.no/turist
vegvesen.no/tourist
campingvettregler-2025.pdf
Vegvesen trafikk | Statens vegvesen