Silje S. Mork
Matrikkelen er det nasjonale registeret over norske eigedommar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.
Kva kan eg registrere?
I Eiendomsregisteret på kartverket.no kan du sjekke opplysningar og registeree:
- byggeår
- vanntilkobling og avløp
- bruksareal
- energikilde og oppvarmingstype
Kvifor er dette viktig?
Opplysningar frå matrikkelen blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i matrikkelen som ein del av arbeidet sitt. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangla eller vera utdatert.
No kan du som eigar eller festar gjera ein forskjell:
Ved å oppdatere opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til å sikra at dei er rette. Det kan gi deg rettare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgift. Vidare får mellom anna nødetatar, planleggjarar og andre aktørar betre grunnlag for avgjerdene sine. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.
Slik gjer du
Du kan registrere byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du finna i salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruka kjennskapen din til bustaden.
Eigenregistreringa er frivilleg og går føre seg via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du vil ikkje bli beden om å lasta opp dokumentasjon.
Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
- Logg deg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrerte frå før
- Registrer det du meiner er rett
- Oppdater tidlegare registrerte opplysningar om noko endrar seg
- Opplysningane som du registrerer, vil ikkje skrive over det kommunen allereie har. Dei blir viste parallelt med andre eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.
Kven kontaktar du ved spørsmål?
Om du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket på våre kontaktsider.
Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedommen din, må du kontakta kommunen for å få det retta.
Bruk dette skjemaet.
For meir informasjon, sjå https://mineiendom.kartverket.no/kom-i-gang.