No blir det tryggare å kommunisere med kommunen

No blir det tryggare å kommunisere med kommunen

Frå 1. desember innfører vi ei ny ordning for tryggare og meir effektiv kommunikasjon med innbyggjarane. Dette betyr at innbyggjarar ikkje lenger skal sende e-post til postmottaket.

Melding frå telefon - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Bakgrunn for endringa

E-post er ikkje ein sikker kanal, og vi har opplevd at meldingar ikkje kjem fram – til dømes på grunn av brannmur, søppelpostfilter, store vedlegg eller feil i e-postadressa. For å sikre at alle meldingar og dokument blir mottatt og behandla, går vi no over til tryggare og meir strukturerte løysingar.  

Dette skal innbyggjarane bruke i staden

  • Kontaktskjema for generelle spørsmål
  • eDialog for trygg sending av dokument og meldingar, også med sensitivt innhald
  • Digitale skjema for spesifikke tenester
  • Skjema for byggesøknad via Fellestjenester Bygg (DFB)

 

Lenker til alle løysingane ligg på heimesida under “Kontakt oss” frå 1.desember.

Viktig for deg som tilsett: 

 Ver merksam på at innbyggjarar ikkje lenger skal få beskjed om å sende e-post til postmottaket. Rett dei i staden til dei digitale løysingane som er nemnt over.  

Endringa er eit samarbeid mellom Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta, og har som mål å sikre betre informasjonstryggleik, meir automatiserte prosessar og effektiv ressursbruk. 

Avgjersla om å innføre digital kommunikasjon for postmottak er vedteken av kommunedirektørgruppa for kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta med heimel i forvaltningsloven paragraf 15 a og eForvaltningsforskriften paragraf 3.