Nissefest med song, dans og julegåver
Barna på avdelingane Armkroken og Leikekroken i Haugelia barnehage har vore på nissejakt ute på marka. Julenissen hadde vore innom og pynta juletreet deira. Under treet låg det julegåver til begge gruppene. Nissen hadde også gløymt hua si, så barna er spente på om han kjem tilbake for å hente den.
Haugelia barnehage
Alle barna fekk vere med og opne julegåvene, og det var stor stas med nye leiker. Etterpå gjekk dei rundt juletreet, hadde disco og karaoke, og avslutta med julesamling. Til lunsj kosa alle seg med nissegraut og rosiner.
Det vart ein kjekk nissefest der både barna og dei vaksne var utkledde som nissar.
Publisert 15.12.2025 21:02