Nasjonal sørgeperiode

Nasjonal sørgeperiode

Etter den triste beskjeden om H.M. Kong Harald V sin bortgang, har regjeringa erklært nasjonal sørgeperiode frå i dag, fredag 28. august 2026, til etter gravferda.

I høve den nasjonale sørgeperioden har regjeringa sendt ut ei rettleiing.

Les heile rettleiinga her

I rettleiinga er det mellom annan særskilt informasjon for private arrangement, og kultur- og idrettsarrangement i den nasjonale sørgeperioden.

Sande kommune ønskjer difor å informere dei som har arrangement i Sande i denne perioden om å gjere ei sjølvstendig vurdering av sine arrangement i høve rettleiaren.

Punkt 5. Private arrangement

Private arrangement som fødselsdagsfeiringar, dåp, namnefest, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder kan gjennomførast som normalt, med mindre arrangøren sjølv ønskjer noko anna.

Punkt 6. Kultur- og idrettsarrangement mm.

Kultur- og idrettsarrangement kan gjennomførast som planlagt, og underhaldningsarenaer kan haldast opne, med mindre arrangør eller eigar sjølv ønskjer å avlyse, utsette eller stenge.

Det kan vere naturleg at arrangørar markerer den nasjonale sørgeperioden. Dette kan til dømes skje ved at det vert haldt eitt minutt stillheit, at nasjonalsongen vert spelt i starten av arrangementet, og/eller at utøvarar ber svarte armbind.

På sjølve gravferdsdagen kan arrangørar vurdere å avlyse eller utsette arrangement eller stenge underhaldningsarenaer. Ei slik avgjerd må takast i den enkelte organisasjon. Dersom kultur- eller idrettsarrangement eller andre arrangement er planlagt på gravferdsdagen, kan arrangør også vurdere å justere tidspunkta slik at dei ikkje er samstundes som gravferdsseremonien og tilhøyrande prosesjonar.