Næringsavfall høyrer heime på avfallsanlegg

Næringsavfall høyrer heime på avfallsanlegg

Sande kommune har blitt gjort merksame på at nokre bedrifter framleis brenn avfall av ulikt materiale. Dette skal ikkje vere naudsynt då vi har gode ordningar for innlevering av avfall frå både bedrifter og private. 

Forureiningslova § 32 seier at "den som produserer næringsavfall, skal sørge for at avfallet blir brakt til lovleg avfallsanlegg eller gjennomgår gjenvinning. "

Vi vil med dette presisere at alt avfall frå næring / bedrift  skal leverast - det skal ikkje brennast.   

Dersom vi får fleire slike meldingar vil teknisk sektor ta kontakt med den aktuelle bedrifta.

Tenk på miljøet!