Møt Politiet på Larsnes

Møt politiet på Larsnes onsdag 3. juni

Den første onsdagen i kvar månad har politiet treff-tid ved rådhuset i Sande kommune. Onsdag 3.juni kan du møte opp utan å gjere avtale på førehand. 

Politiet logo - Klikk for stort bilete

Dette har kome i stand etter arbeidet i politirådet der politiet ønsker å vere nær lokalsamfunna.

Politiet kan svare på spørsmål, gi råd og rettleie i ulike saker. 

Onsdag 3.juni kan du treffe politiet

Trefftida er frå klokka 10.00 - 14.00 ved rådhuset i Sande kommune. Vil du ha avtale med politiet utanom dette tidsrommet - ta kontakt med politiet på førehand ved å ringe 02800.

Om du ønsker å gjere avtale før du kjem, kan du det, men det er ikkje nødvendig. I dei tilfelle der politiet kan ha nytte av å førebu og innhente nødvendig dokumentasjon i forkant av møtet, vil det sjølvsagt vere nyttig at du varslar på førehand at du kjem.

Ingen spørsmål er for små for politiet- lurer du på noko er det lurt å ta kontakt!

Dersom du treng å finne informasjon om opningstider for din politistasjon, så finn du det på politiet.no.