Sindre Slettestøl / Silje S. Mork
Sindre Slettestøl bur i Gjerdsvika og er forfattar av boka «Turglede Gurskøya rundt», og Slettestøl har elles vore primus motor for trimgruppa til idrettslaget i Gjerdsvika. Den ivrige turgåaren er i tillegg kajakkinstruktør, og om vinteren tek han gjerne turen på ski.
Kva er din favorittplass og kvifor?
Det er mange fine plassar i Sande. Det som er spesielt fint med Klovevatnet er at du på den rette kvelden, ser du eigentleg ikkje forskjell på hav og vatn når du står på rette plassen. Andre fordelar er at det ikkje er svært langt å gå og at ein kan sjå flotte fjell når ein er oppe.
Kva opplevingar eller minne har du frå Klovevatnet?
Det er mange gode minne frå Klovevatnet. Vi overnatta i telt då ungane var mindre, og dei har som vaksne fått interesse for friluftsliv og naturopplevingar. Bading om sommaren og skøytegåing om vinteren når det er is på vatnet er kjekke aktivitetar.
I tillegg har eg vore med på prosjekt i forhold til både sikterose og anna, som turstiar og gapahukar på veg opp til Klovevatent. Eg har òg mange gode minne knytt til desse turstiane og gapahukane.
Historisk tilknyting
Ein del av denne turen går på den gamle fjellvegen mellom Gjerdsvika og Haugsbygda. Slettestøl fortel litt om dette:
- Dei første 250 høgdemeterane av turen til Klovevatnet går vi på den stien som gjekk mellom Gjerdsvika og Haugsbygda, før det var veg rundt Gjøneset. Vegen er ganske synleg både her og på Haugsbygdsida, heilt til ein kjem opp på fjellet då forsvinn han. Vi går på ein måte på historisk veg både når vi går opp frå Gjerdsvika oppover mot Klovevatnet og frå Haugsbygda når ein går opp mot Haugshornet. Slik kan ein seie at det òg er kultur som har gått i arv.
Silje S. Mork
Silje S. Mork
https://morotur.no/tur/Gjerdsvika-til-Klovevatnet
Slettestøl legg til at i alle bygder i Sande, har ein mange fine plassar og turmoglegheitene er varierte. Han nemner vidare at berre i Gjerdsvika er det rundt 35 km med merka stiar og i heile Sande kommune er det rundt 100 km med merka stiar, med tilhøyrande skilting og turkart.
Sindre Slettestøl