Frå aktiviteten på Gursken oppvekstsenter fortel lærar Katrine Myklebust Hauge om programmering, robotar og korleis dei har ein god kombinasjon av lesing og anna i oppgåvene. Lærar Gunn Katrin Fugelsnes understrekar også kombinasjonen av leseoppgåver og programmering der dei til dømes skal skal programmere seg fram til rett rute. I rutene får dei då ei matteoppgåve som dei må løyse før dei går vidare. Så er det kvar sin tur å programmere roboten. Dette verka spennande og elevane var engasjerte!
Silje S. Mork / Sande kommune
Dei tre fyrste timane har desse lærarane i dag delt ei aldersblanda gruppe inn i fem grupper med 20 minutt på kvar. Dei har hoppa tau, kasta på blink, hatt bowling, kombinatorikk, (der det handlar om kor mange kombinasjonar ) og litt programmering. Så er det opp til kvar lærar kor mykje ein vel å gjere ut av det. Ein kan óg sjå an elevgruppa og finne ut kor vanskeleg en kan gjere det til dømes i forhold til om det er pluss, minus, gonging eller deling. Så vi prøver å utfordre alle, fortel lærar Kathrine Myklebust Hauge. Sidan vi har aldersblanda gruppe må vi sjå litt an kor vanskeleg ein kan gjere det. Målet er at alle skal ha moglegheit til å svare. Praktiske og sosiale aktivitetar fall godt i smak, samtidig kunne dei saman finne ei løysing. Dette såg ein då dei skulle bygge femkantar med kroppane sine. Det var ikkje lett, spesielt der dei ikkje var fem på gruppa, men då resonnerte nokre elevar seg fram til at ikkje alle sidene trengde å vere like. Vidare har dei eldste fått i oppgåve å vere førebilete for dei yngre og vise dei når dei treng det.
Silje S. Mork / Sande kommune
Lærar Anja Kvalen synest at dei femten elevane ho hadde inne, var svært flinke til å lytte. I kombinatorikk var det ein elev som fann heile femten kombinasjonar i ei oppgåve. Ho sa vidare at elevane treng å øve på det sosiale og i tillegg øve på andre måtar enn til vanleg. Elles skulle ho ha ønskt at det var ein naturfagdag også.
Silje S. Mork / Sande kommune
På ungdomsskulenivå var elevane i gong med å lage pitapizza på kjøkenet. Heidi Skoge var oppteken av at det skulle vere fokus på at matte kan vere gøy også. Skoge fortel at dei vog pitabrøda og då kunne dei til dømes finne at eit resultat var usannsynleg sidan det skilde seg frå dei andre. Dei målte diameteren på det og fann vidare radiusen på det. Gjennom formlar fann dei så arealet og omkrinsen av pitabrødet. Elevane var innom andre stasjonar også. Grublisar og spel var ein av dei. Der fann dei til dømes ulike kombinasjonar for å sjå om dei kunne få opna ein hengelås. Gjennom at dei fekk tilbakemeldingar på kor mange tal i kvar kombinasjon som var rette eller feil, kunne dei knekke koden med litt hjernetrim. Ein tredje stasjon var programmering med koding i labyrint og turnering og den fjerde stasjonen var statistikk med tabellar i Excel og fargebaserte sektor- og søylediagram.
Heidi Skoge og Daniel Sandvik har gjort mykje godt arbeid i forkant av fagdagen i følge dei andre lærarane.
Daniel Sandvik stod for programmeringstasjonane i gymsalen, og han tenkjer det er ein fin måte for elevane å bli kjende med programmering på. Det var lagt opp til eit lite løp gjennom gymsalen. Batterikapasiteten gjorde at dei måtte gjere tilpassingar i gruppene etter kva Sphero/ballar som kunne programmerast, eller køyre det som ein radiostyrt bil. I ei krå med “Superbits”kunne elevane til dømes prøve å programmere gjennom ein labyrint.