Bakerste rad f.v Annbjørg Varholm Skare, Anna Voldnes, Unny Haugen, Janne Helgøy Jonasmo, Marianne Brune Leikanger, Runar Hovde.Fremste rad f.v Johanne Vasstrand, Kristina Meinseth, Fride Fugleseth, Kristina Haukeland Hauge, Nina Larsen.
Silje S. Mork
Etter oppmøte i gymsalen med ei orientering om dagen, var det kjekke og inspirerande aktivitetar som natursti for elevane. Natursti var laga til utanfor. På kvar post var der spørsmål relatert til tema for dagen.
Gøy med natursti
Opplegget rundt naturstien gjorde at det blei både ein lærerik og gøy aktivitet der ungdommane vart delt inn i grupper. Alle fekk trekt eit dyr. Dei som trekte same type dyr, kom på same gruppe. Derifrå gjekk gruppene til postane der dei fekk spørsmål knytt til psykisk beredskap.
Silje S. Mork
Kristina Haukeland Hauge
Silje S. Mork
Mange bidragsytarar
Dei som bidrog til markeringa av psykisk helse dagen var Helsestasjonen, Psykisk helse, kommunepsykologen, frivillegsentralen, helselaget og fysioterapitenesta.
fv. Ragnhild Helle Dalen, Jorunn Våge Vestnes, Hilde Brune Nystøl, Bjørg Hagen Baade,Laila Møller Ekroll
Marianne Brune Leikanger
Psykisk beredskap
Kommunepsykolog Runar Hovde starta med å fortelje elevane om "Psykisk beredskap". Han skildra psykisk beredskap som ei førebuing til livet sine utfordringar, inkludert dei ein ikkje kan forutsjå.
Silje S. Mork
Han sa vidare at "Psykisk beredskap" handlar ikkje om å vere sterk heile tida som vi veit at det er nokon som prøver å vere. Men det handlar om å ta vare på det som styrker oss i kvardagen. Det kan vere relasjonane vi har til andre i familien og til vener. I tillegg kan det vere rutinene vi har, pausene vi tek, eller det kan vere det å vere i aktivitet og å kunne å ha noko å sjå fram til, eller ha eit håp. Ikkje minst, understreka han, det å kunne klare å be om hjelp viss ein treng det.
Han drog her fram at nokre gongar blir utfordringane større enn det vi klarer å handtere sjølve, og då er både helsestasjonen og den flotte tenesta for psykisk helse og rus nokre av dei som kan hjelpe.
Kommunepsykologen fortel vidare:
- så er det slik med psykisk beredskap at det er akkurat som å øve på brannvern eller førstehjelp. Det er noko vi må øve på for å styrke beredskapen.
Derfor har det vore viktig at elevane fekk delta på denne markeringa der dei kunne øve og reflektere over kva psykisk beredskap inneber.
Opna for refleksjon
Hovde fekk elevane til å reflektere gjennom utsagn som:
-Tenk om det skjer noko heilt uforutsett, det kan vere det oppstår ein krangel, eller at ein sit og ser på sosiale media og får dårlege nyheiter som bekymrar oss. Eller at du står opp og så merkar du at i dag blir det berre litt kaos; ingenting går sånn du hadde tenkt. Han fekk elevane å til engasjere seg og reflektere over korleis dei ville reagere i slike situasjonar. Til dømes med spørsmål som
-Har du ei slags indre verktøykasse som du kan bruke når du treng det og livet er litt ekstra utfordrande? Gjennom oppgåver med liknande spørsmål, såg ein at elevane fekk reflektere i lag når dei gjorde oppgåver.
Hovde inspirerte med spørsmåla sine som
-Kva kan ein gjere for å stå litt stødigare når ting blir vanskeleg eller uforutsigbart. Redskap som kan bruke då er det vi kallar psykisk beredskap.
Han framhevar vidare:
-Det er slik at vi alle i periodar opplever stress eller uro. På same måten som vi kan trene kroppen, kan vi også styrke oss og gjere oss meir robuste psykisk. Dette gjeld alle av oss.
Sjekkliste for psykisk beredskap
Sjekkliste for psykisk beredskapDet vart delt ut ei sjekkliste for psykisk beredskap som ungdommane kan bruke ved behov seinare. Elevane fekk fylt ut sjekklista individuelt og rangerte det dei synest kunne hjelpe. Det vart understreka at kva punkt på sjekklista som kan vere nyttig, varierer frå person til person.
Kort sagt, elevane fekk reflektere over sjekklista for å bli meir bevisst kva som kunne vere til hjelp for å styrke den psykiske beredskapen sin.
Individuelle beredskapsbokser
Ei anna oppgåve for bevisstgjering som ungdommane fekk etter naturstien, var å fylle ut "Mi beredskapsboks", inspirert av postane frå naturstien.
Engasjerte elevar
Helsesjukepleiar Marianne Brune Leikanger fortel at ho er imponert over at elevane tør å gje av seg sjølv.
-Fantastisk at dei delte tankar om psykiske helse i ei gruppe der dei kanskje ikkje var kjende med alle.
Janne Helgøy Jonasmo og Kristine Haukeland Hauge legg til :
-Alle har vore med. Elevane har engasjert seg og fylt ut alle arka. Kjempeviktig tema og eit variert opplegg.
Runar Hovde er også imponert over engasjementet til ungdommane. Både i fellesaktivitetane og i gruppeaktivitetane var dei engasjerte og investerte tydelegvis mykje i temaet. Dette var fint å sjå.
Takk for felles lunsj
fv. Ragnhild Helle Dalen, Jorunn Våge Vestnes, Hilde Brune Nystøl, Bjørg Hagen Baade,Laila Møller Ekroll
Marianne Brune Leikanger
Arrangementet vart avslutta med ein felles lunsj, som Helselaget på Larsnes hadde laga til elevane. Påsmurte baguettar og frukt var populært.
Takk til helselaget som laga til lunsj til alle elevane. Takk også til Larsnes Mek for drikke til lunsjen.