Tema i år er «Vi treng å snakke meir saman». Oppfordringa om å sette av åtte minutter kvar dag til å snakke saman, til dømes ein telefonsamtale.
Etter introduksjonen gjekk markeringa vidare med ein presentasjon av dei mange som var med å arrangere dagen, og kva dei gjer og korleis dei kan hjelpe.
Dei som var representerte var: Helsestasjonen, Psykisk helse, kommunepsykologen, frivillegsentralen, helselaget, ergoterapeut- og fysioterapitenesta.
Det vart halde undervisning ved kommunepsykologen og helsestasjonen. Deretter var det aktivitetar i gymsalen med fysioterapeutar og ergotrapeut. Der fekk ungdomsskuleelevane vere med på kjekke aktivitetar mellom anna laga dei ulike formasjonar.'
Sande kommune
Helsesjukepleiar Birgitte Sundgodt Førre fortel at ho tenkjer det er viktig å sette fokus på psykisk helse og markere dette.:
-Det er fordi det skal skape meir openheit om psykisk helse og at det skal vere lettare å snakke om korleis ein har det. Det at det er fleire hjelpetenester som står saman om ein slik dag, viser ein at her er fleire ein kan snakke med, ikkje berre foreldre eller andre vaksne, men her er andre som også kan hjelpe viss ein strevar.
Dei snakka om kor viktige gode relasjonar og venskap er for alle. Venskap er noko vi kan skape, fornye og styrke gjennom heile livet. Spørsmålet om kva det betyr å vere ein god ven, fekk dei til å reflektere over korleis ein kan vere der for kvarandre på ekte, gjennom å lytte, støtte og vise omtanke. Å vere ein god ven handlar om å stille opp – ikkje berre i gode tider, men òg når livet er vanskeleg.
Prat med Abelone Kaspara Knotten og Tuva Ekroll Riborg om tema
Det beste er at vi har lært at vi har folk å snakke med og at vi enkelt kan få tak i hjelp. Dei trur det er mange som treng hjelp, men dei veit ikkje heilt korleis dei får tak i det. Derfor er det fint at vi har fått vite korleis vi får hjelp, og kven vi kan snakke med. Vidare er dei einige om det er mange som trur dei er aleine om å streve med noko, men så er ein kanskje fleire som slit med det same. Slik har det vore fint at vi fekk vere her i lag og ha forskjellige aktivitetar saman.
Fv, Tuva og Abelone
Sande kommune
Sande kommune
Kva synest de om at ein markerer verdsdagen for psykisk helse?
Dei synest det er viktig fordi det er noko som ikkje blir tatt opp så mykje. Mange kan vere triste inn i mellom og då er det fint at vi har ei markering der alle får vite kvar dei får hjelp.
Kva var spesielt kjekt?
Kjekt at vi fekk vere i lag med andre, og vi synest det var fint at vi fekk spørsmål som vi skulle svare på i grupper. Då fekk vi snakke med kvarandre og vite også kva andre synest om å vere åleine. Då fekk vi ein fin samtale om viktige tema, og at vi er fleire om å tenkje liknande tankar. Fint å vite at vi ikkje er aleine.
Ungdomskuleelevane hadde snakka om tema som vennskap og at det ikkje er så lett å ta kontakt, eller starte ein samtale. Samtidig reflekterte dei over kva som kan gjere det lettare, til dømes ved å ta små, uformelle steg som å spørje eit enkelt "Korleis har du det?" eller berre vise at dei er til stades for andre på andre måtar.
Marianne Brune Leikanger understrekar at målet er at ungdomane skal snakke saman, og i tillegg snakke med oss og sjå kven vi er. Slik dei ser kven dei kan gå til, eller møte.
-Tusen takk til alle som har bidrege til å gjere denne markeringen til ei inkluderande og engasjerande oppleving for ungdomsskuleelevane.
https://www.verdensdagen.no/