Markering av verdsdagen for psykisk helse

Markering av verdsdagen for psykisk helse

Markering verdensdagen for psykisk helse - Klikk for stort bileteMarkering verdensdagen for psykisk helse ved Gursken oppvekstsenter 5.oktober. Bakerste rad f.v: Sara F. Wiik, Marianne Brune Leikanger, Åse Marie Remøy, Herman Brune Leikanger, Kevin Tørre Nygaard, Fremste rad f.v: Birgitte Sundgot Førre, Kristine Rein, Fride Fugleseth, Runar Hovde. Silje S. Mork

Verdsdagen for psykisk helse har vore markert i Sande både 4. oktober ved Larsnes oppvekstsenter og 5.oktober ved Gursken oppvekstsenter. Tema i år er: Vi treng å høyre til. Lag plass!

Kvar femte person i Norge har få, eller ingen å vende seg til når dei har det vanskeleg, og det er fleire som er einsame no enn før pandemien. Forsking viser at det å gjere noko meiningsfullt saman med andre er viktig for å motverke einsemd, utanforskap og psykiske belastningar. I 2023 skal ein derfor jobbe med å gjere dei viktigaste møteplassane meir inkluderande :  "Fellesskapet må sjå deg og akseptere deg for den du er". 

Onsdag 4. oktober markerte ein verdsdagen for psykisk helse for 5.-7. klasse på Larsnes. Der starta det med at 6. klasse hadde laga lunsj til alle elevane, og dette var ein skikkeleg god lunsj!

Etter lunsjen jobba elevane i plenum og i grupper. Fysisk aktivitet vart det også tid til. Ein snakka om samanhengen mellom fysisk og psykisk helse. Tema i år: Å lage plass, inkludering og å sjå alle, snakka ein mykje om. Vidare diskuterte dei korleis vere ein god ven og korleis få gode vener. Ein snakka også generelt om psykisk helse, kjensler og tankar. 

Med var Sara frå helsestasjonen, som har fast trefftid på Larsnes, saman med Runar (psykolog) Åse Marie (helsesjukepleiarstudent), Herman (ungdomsarbeidar), Fride og Kristine (fysioterapeutar). 

 

Torsdag 5. oktober var det markering av verdsdagen for psykisk helse ved Gursken oppvekstsenter. Dette var for 8-10. klasse i heile kommunen. Dei starta med pizza og deretter var det teaterforestillinga "Skrubbsår".

Skrubbsår er ei ærleg førestilling med den enkle og viktige bodskapen om verdien av å snakke med dei rundt seg når ein har det tungt. Dei tre skodespelarane Arnar Aanes Bjorøy, Christoffer Calandri og Kevin Tørre Nygaard spelte tre kamerater som sleit med forventningar frå foreldre og press frå vener. Førestillinga traff "spot on". Det var nok mange som kunne kjenne seg igjen i denne tematikken.

Etter teaterframsyninga var der ein fin panelsamtale med psykolog Runar og ungdomsarbeidar Herman. Deretter fekk  elevane strekkje på kroppen med fysioterapeut, så vart elevane delt i grupper og løyste gruppeoppgåver saman med ein vaksen som leia gruppearbeidet. Til slutt kom psykolog Runar og ungdomsarbeidar Herman med gode ord som oppsummerte det heile. 

Marianne Solbjørg Ose, rektor ved Gursken oppvekstsenter, var nøgd med markeringa og sa at psykisk helse er ein del av kvardagen, og derfor er det flott å få en slik "happening" der helsesjukepleiar, ungdomsarbeidar, psykolog, fysioterapeut er til stades. Ho synes at teaterframsyninga «Skrubbsår» var både god og aktuell for både unge og vaksne. 

Det som er fint med dette temaet er at dei vaksne er med og skaper rom for å prate om det på arenaer som er trygge å bruke ikkje berre på skulen, men i fritida også.

Ungdomsarbeidar Herman var glad for at dei har fått til eit så godt tverrfagleg samarbeid. Han var svært fornøgd med dagen og at dei får til å sette fokus på noko som er så viktig for ungdomane.

Verdsdagen for psykisk helse er 10.oktober 2023. Les meir om dette på nettsida; https://www.verdensdagen.no/