Markering av grunnlovsdagen til Ukraina i Sande kommune
Fredag 28. juni var Ukrainas grunnlovsdag. I det høve arrangerte Sande Frivillegsentral og Flyktningtenesta “Ukrainsk aften” for dei ukrainske innbyggjarane som er busette i Sande.
Det vart servert middag og kake. Det var ein kjekk ettermiddag og kveld der praten gjekk rundt bordet. Barna fekk leike seg, og det vart bingo med premiar. Heile kvelden vart avslutta med allsong av Ukrainske songar. Ukrainarane gav uttrykk for at dei sette pris på at grunnlovsdagen deira vart feira.
Sist endra 01.07.2024 18:59