Markering av frigjerings- og veterandagen

Markering av frigjerings- og veterandagen

8. mai vert det markering av 80-årsjubileet for freden – for kommunane på Søre Sunnmøre.

Bysta av Ragnar Ulstein vart avduka i 2016, og står i parken mellom Ulstein kyrkje og Ulstein rådhus. - Klikk for stort bileteBysta av Ragnar Ulstein vart avduka i 2016, og står i parken mellom Ulstein kyrkje og Ulstein rådhus. Janne-Marit Myklebust

Ulstein Mannskor held på tradisjonane, og vil også i år stå for minnemarkeringa utanfor Ulstein rådhus, ved bysta av krigsveteran Ragnar Ulstein. Arrangementet er i samarbeid med dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. 

Tid: 8. mai klokka 17.00–18.00
Stad: Ulstein rådhus

Program: 

  • velkomst og song ved Ulstein Mannskor
  • appell ved russepresident ved Ulstein vidaregåande skule
  • appell ved ordførar i Ulstein
  • tale ved områdesjef for Heimevernet

Norges Veteranforbund for Internasjonale Oppdrag deltek som æresvakt. 

Visste du forresten at kommunane på Søre Sunnmøre har felles veteranplan? Sjå her (PDF, 641 kB)