Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år.
Elevane på same klassesteg ved Larsnes skule og Gursken oppvekstsenter fekk vere saman på aktivitetane. Det er kjekt at barna får oppleve felleskap, glede og meistring gjennom aktivitetar som vart sette opp denne veka med forfattar Ingunn Røyset, danselærar Nataly Pankratova og musikkvideoverkstaden, alle gjennom den kulturelle skulesekken.
Silje S. Mork
Forfattarbesøk på biblioteket
Forfattaren som var på besøk ved biblioteket i Sande, Ingunn Røyset, har ein allsidig bakgrunn. Lokalt har ho mellom anna jobba som budeie i Sande i Sædalen. Røyset er elles utdanna sosionom, landbruksavløysar og make-up-artist. Den fyrste barneboka ho gav ut var «Prins Storm» i 2012. Fleire av bøkene hennar handlar om 2.verdenskrig og skildrar korleis det kan vere for barn å vekse opp i krig.
Første- og andre klasse var på biblioteket måndag. Der fekk dei høyre forfatteren fortelje frå boka «Prins Storm» og inspirert av dette, teikna dei også ei bok.
Tredjeklassingane fekk møte forfatteren på biblioteket på tysdag. Røyset hadde med ein koffert med ting. Der var ein duk og eit bilde av mormora slik ho såg ut i 3.klasse i 1945. I kofferten var også skulesekken som faren hennar sydde, hårsløyfa og nattkjolen til mormora, og ein «bombesplint».
Her viser forfattar Ingunn Røyset bilde av mormora hennar Dagny
Silje S. Mork
Forfattaren fortalde spanande historier mellom anna om kva mormora hennar «Dagny» hadde opplevd under den andre verdskrigen. Historia om katten til mormora som hadde «redda» Dagny under krigen, engasjerte elevane.
Røyset las vidare utdrag frå boka «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen» til 3.klassingane. Dei var òg med på å lage ei bok i lynfart, der det vart samla inn ei mengd ord for så å lage ei historie. Dei hadde òg ein gjettekonkurranse om kor mange ord som var i boka hennar. Der kom elevane imponerande nær sidetalet i boka.
Røyset hadde også med ei kiste som elevane var ivrige etter å sjå nedi, og dei ville at ho skulle opne kista. Dei fekk gjette kva som var i kista og det kom inn svært gode forslag. Men til slutt vart dei oppfordra til å lese boka for å finne ut kva som var i kista.
Ingunn Røyset kom også med ei anna oppfordring: «Det er viktig å få utnytte leselysta når der er nokre små vindu der barna har lyst til å bla i ei bok. Då er det fint at skulane og foreldre er med på dette. I skulen kan det vere ei utfordring at lærarane ikkje alltid har kapasitet til å følgje opp når leselysta er der. Men når det praktiske er i orden slik som her i dag, der skulen fekk lånt med seg bøker, gjer det at dei kan nytte anledninga til å lese med barna akkurat når leselysta er der.»
Ho sa vidare «Kanskje nokon av elevane som ikkje har vore så mykje på biblioteket, synest at dette var ein koseleg plass å vere, og får lyst å kome tilbake seinare.»
Det var fleire som fekk låne med bøker frå biblioteket som dei kunne ta med å lese på skulen. Lærarane som var med frå Larsnes skule kunne fortelje at dei ofte nyttar biblioteket i skuletida då skulen er nær biblioteket.
Dans med Nataly i hallen ved Larsnes skule
1-7 og 9-10. klasse var med på dans med Nataly Pankratova. Den dyktige danselæraren fekk med elevane på både Hip Hop og folkedans. Det var eit høgt tempo og mange trinn å hugse på, men elevane såg ut til å stortrivast. Nataly hadde heile tida eit smil om munnen og hadde mange gode ord å kome med om innsatsen til elevane.
Musikkvideoverkstad for 8.klasse
8.klasse får denne veka delta på musikkvideoverkstad i Gursken. Det er musikkvideoregissøren Nima Taheri og rapartisten "Son of light" som skal arbeide med elevane og lage musikkvideo. Elevane vil få lære om dei viktigaste faktorane for å kunne lage ein god musikkvideo både gjennom teori og praksis. Dei skal då bruke eigne innspelte låtar eller coverlåtar, planlegge regi, velge "locations", stå framfor og bak kamera, samt redigere sine eigne musikkvideoar.