DSB
DSB
– Alle bør merke seg 1. desember i kalenderen. Då er det Røykvarslar-dagen, og på tide å teste røykvarslarane og bytte batteri ved behov. Dette er ei viktig påminning om å ta brannsikkerheita på alvor når vi no går inn i den tida på året der det vanlegvis brenn mest, seier Kjell Hauge ved Sande brann og redning.
Slik sjekkar du på 1-2-3
- Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Dersom han ikkje fungerer, må du bytte batteri eller kjøpe ein ny røykvarslar.
- Sjekk om lyden frå røykvarslaren høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.
- Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar, bør dei vere seriekopla.
– Du bør bruke seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar. Dette kan gje deg og familien din verdifull tid til å kome dykk i tryggleik.
DSB
Ta ansvar for dine næraste
Brannstatistikken viser at nokre delar av befolkninga er meir utsette og sårbare om ein brann oppstår. Det gjeld mellom anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
– Mange har vanskar med å sjekke røykvarslarane sjølve. Vi oppmodar derfor alle til å sjekke om dine næraste har røykvarslar som fungerer, og bytte batteri ved behov.
Tips: På https://www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar brannsikkerheita i heimen.
Kontaktperson Sande brann og redning
Kjell Hauge 99579716