Silje S. Mork /Sande kommune
Danseverkstaden blei gjennomført for første gong i fjor, og gode tilbakemeldingar gjorde at skulane ønskte å vidareføre opplegget også i år. Aktiviteten er ein lokal produksjon i DKS-tilbodet i Sande.
Eit samarbeid på tvers av skular og fagmiljø
Sande kommune har ei eiga arbeidsgruppe for DKS, med representantar frå alle skulane, kulturskulen og kulturkontoret. Gruppa møtest ein gong i året for å planleggje komande aktivitetar, og legg stor vekt på å bruke lokalmiljøet og lokale krefter der det er mogleg.
Danseverkstaden er eit godt døme på dette samarbeidet. Elevane frå Gursken blir frakta med buss, elevane frå Kvamsøya kjem med ferje, og Larsnes-elevar har kort veg til hallen som fungerer som felles arena for dagane. Det å samle elevar frå ulike bygder og skular er ein viktig del av opplevinga.
– Det at dei får vere saman på tvers av skule, klasse og adresse, betyr mykje. Vi ser korleis dei trivst og kosar seg, seier Susann Worren Hauge, som er med i planlegginga av aktivitetane.
Helselaget serverer felles lunsj
Larsnes helselag fv, Ragnhild, Inger-Anne, Lina, Anne-Martha, Dorthe.
Sande kommune
Ein ekstra fin detalj i danseverkstaden i år er innsatsen frå Larsnes Helselag, som har stilt opp og laga felles lunsj for elevane på 1.–4. trinn. Med baguett i handa og frukt på fat fekk dei yngste eit kjærkome avbrekk i danseøkta.
– Helselaget er gull verdt for oss. Det er ei stor glede å ha dei med på laget, seier Worren Hauge.
Samspel, kultur og fellesskap
Silje S. Mork /Sande kommune
Den kulturelle skulesekken i Sande handlar om meir enn berre kulturformidling. Det handlar også om å bygge fellesskap og identitet på tvers av bygdene – og å ta i bruk dei ressursane vi har lokalt.
Danseverkstaden er eit godt døme på korleis kompetanse, lokal tilknyting og engasjement kan gje elevane gode opplevingar som varer.
Eit variert kulturår for alle trinn
Danseverkstaden omfattar 1.–4. trinn og 8.–10. trinn.
I tillegg får dei andre klassestega eigne tilbod:
- 5.–7. trinn får ein annan innkjøpt DKS-produksjon
- 8. trinn deltek i videoverkstad
- Ungdomstrinna har eiga danseøkt i Gursken
- "Feel it" er òg ein del av DKS-opplegget i år.
Dette gjev elevane i Sande eit breitt og variert kulturtilbod der både innkjøpte produksjonar og lokale initiativ får plass side om side.