Ledig stilling - seksjonsleiar i avdeling barnevern

Ledig stilling - seksjonsleiar i avdeling barnevern

Vil du vere med å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår?

Marius Beck Dahle

Trivst du i ein hektisk arbeidskvardag med tett samarbeid med kompetente medarbeidarar? Då er det kanskje deg vi treng inn i vår teneste. Ein av våre seksjonsleiarar vert pensjonist og vi har difor ledig 100% fast stilling som seksjonsleiar. 
Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande, Ulstein,Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Kommunane i samarbeidet legg vekt på samhandling og er BTI kommunar. Barnevernstenesta deltek aktivt i dette arbeidet. 

Arbeidsoppgåver

Seksjonsleiaren inngår i leiarteamet i tenesta og har medansvar for heilskapleg utvikling og drift av tenesta. Stillinga er underlagt avdelingsleiar barnevern. 

  • Seksjonsleiar har ansvar for det faglege arbeidet i seksjonen og har ansvar for å koordinere oppgåver som er lagt til denne.
     
  • Seksjonsleiar har medansvar for økonomistyring i seksjonen og tenesta.
  • Tenesta er oppteken av fagutvikling, og seksjonsleiarane er pådrivarar for slik utvikling i tenesta, med særleg ansvar for eigen seksjon. 
     
  • Seksjonsleiar har personalansvar for tilsette i seksjonen og skal støtte og rettleie desse i arbeidet.
     
  • Det er forventa at seksjonsleiaren er aktivt deltakande i tverrfagleg samhandling.

 

Kvalifikasjonar

  • Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom.
     
  • Ynskjeleg med minimum 60 studiepoeng innan relevant barnevernsfagleg vidareutdanning på masternivå.
     
  • Utdanning innan leiing og/eller leiarerfaring vil bli vektlagt.
     
  • Kompetanse innan rettleiing og/eller erfaring frå rettleiing vil bli vektlagt.
     
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå kommunalt barnevern.
     
  • God kjennskap til Lov om barnevernstenester og anna relevant lovverk.
     
  • God munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne.
     
  • Gode IKT-ferdigheiter. 
     
  • Førarkort klasse B.

 

Søknadsfristen er 25.03.25

Les meir og søk på stillinga her (Volda kommune sine nettsider)