Lanserar samleside for aktivitetar i heile Sande - aktivitetsande.no

Lanserar samleside for aktivitetar i heile Sande - aktivitetsande.no

Denne veka vart nettstaden «aktivitetsande.no» lansert. Her kan lag og organisasjonar i Sande legge inn sine aktivitetar, slik at det skal vere lettare for innbyggjarane å finne møteplassar og arrangement å delta på.

– Vi har sett på denne løysinga over fleire år, men har ikkje kunne prioritert det. Det er utruleg kjekt at vi no har fått det opp å gå, seier leiar for Sande frivillegsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik.

Gå til aktivitetsande.no

Dette er eit tiltak i regi av Sande frivillegsentral, som har som mål å legge til rette for og løfte fram dei som skapar aktivitet i kommunen.  Nettstaden er finansiert med TEFT-midlar frå Sparebanken Møre og støtte frå Nakuhel Sunnmøre gjennom ABC-satsinga til fylkeskommunen.

– Sande har eit rikt tilbod av aktivitetar og vi håpar at «Aktivitet i Sande» kan støtte opp om alt det frivillige arbeidet som gjerast, og at det blir enklare å nå ut til innbyggjarane, Brekke Oksavik.

Motverke einsemd i kommunen

Ved å kunne samle og synleggjere aktivitetane som skjer i Sande, håpar ein at dette kan få fleire, i alle aldersgrupper, til å delta på fleire aktivitetar der dei kan møte likesinna.

– Vi tenkjer dette vil vere eit tiltak for å forhindre utanforskap, motverke einsemd og synleggjere alle dei gode møtestadane lag og organisasjonar legg til rette for i kommunen, forklarar Brekke Oksavik.

Stort engasjement allereie

Allereie same dag som nettsida vart lansert, vart det lagt inn 17 aktivitetar på sida. Det er laga og organisasjonane sjølve som driftar sine bedriftssider og legg inn aktivitetane.

– Det er fleire som  har etterspurt ei fellesside for å synleggjere alt det fine som skjer rundt om i dei ulike bygdene. Vi håpar den blir godt brukt både av innbyggjarar, lag, organisasjonar og bedrifter, avsluttar Brekke Oksavik.

 

Ta i bruk kalenderen?

Vil din organisasjon eller bedrift ta i bruk aktivitetskalenderen? Ta gjerne kontakt med Sande frivillegsentral, på tlf: 908 58 951 eller e-post: frivilleg@sande.kommune.no